You are viewing an old version of this page. View the current version.

Compare with Current View Page History

« Previous Version 22 Next »

Konfiguarasjon

Orginal konfigurasjonsfil: original_param_laser.RDVSet

Fokus høyde 8mm

Innstillinger for bedre scanning

SpeedReverse intervalOffset Repay
3000,080
4000,110
5000,150
6000,180


Model number: BCL-1309XU

Serial Number: BLC-1809046


Brukermanual


Laserparameter

MaterialeTykkelseSpeedPowerKommentarExample Pictures
Kryssfinær4mm30015Gravering+Dithering(20 dps)IMG_20181218_142608.jpg
Kryssfinær4mm30015Gravering, no dither
Kryssfinær4mm40012Gravering, no dither12p_400mmps_0.1mm_nodither.jpg
Kryssfinær4mm3040Kutt


Kryssfiner12mm20015Gravering, no dither
Kryssfiner12mm660Kutt
Glass2 mm30030Gravering, dither 50 dpi, speilvent gravert på baksiden, invertert fargeIMG_20181225_142955754.jpg
Glassvinflaske30030Gravering, no dither
Bambus20mm30015Gravering, no ditherIMG_2829.JPG


Korleis laserkutte/gravere

Finn bilete av kva du skal kutte/gravere. Filformatet bør vere PNG, JPEG eller DXF (Sistnevnte gir bare streker uten tykkelse).  DXF funkar bra for vektorfiler. Fleire filformat kan finnast under "Import" i RDworks. Opne RDworks og trykk Files→Import. Importer bilete du vil gravere. Endre størrelsen oppe i venstre hjørne, til ein størrelse som passer mediet du skal kutte/gravere. Låssymbolet til høgre for måla velger Xaksen skalerast saman med Y-aksen(og motsatt), eller om bilete strekkast. Til høgre er ei liste over ulike lag. Kvart element her står det (som oftast) Scan eller Cut. Ulike lag har ulike farger. Nye lag kan lagast ved å trykke på fargeknappane nede til venstre. Dobbeltklikk på lagene du skal gravere(Scan) eller kutte(Cut). Eit nytt vindu vil opne seg, og du ser ca i midten ei liste med power. Til vanleg vil sørge for at det kun er eit element med power i denne lista. Så velger du Power likt i begge boksane, samt Speed basert på kva du vil kutte eller gravere. Sjå lista over Laserparameter for foreslåtte parameter.

IKKJE skru på Laserkutter Bodor BCL-1309XU før du har lest følgande avsnitta.

  1. Start med å OPNE VINDUET! 
  2. Finn ut kor Nødstopp-knappen er, den er stor, raud og rund. 
  3. Deretter plugg Bodor til straum ved å koble til stikkontakten på høgre side. 
  4. Skru på vannkjølaren på venstre side av Bodor. 
  5. Når ein trykker på påknappen(metallsymbol øverst til høgre på Bodor) vil laseren først bevege seg mot øverste høgre hjørne, kor den skal kalibrere seg. MEN det ser ut til å vere noko galt med endesensorane, så når den kjem til enden, startar Bodor berre å hakke. Dette er mest sannsynleg ikkje bra. For å unngå denne oppførselen, er nåværende løysing(spør om nokon har funne ut noko betre enda) å trykke på nødstoppen før laserhovudet når enden. Når ein nå tar ut nødstoppen, skal laserhovudet stå i ro.
  6. Finn eit materiale som du kan kutte. Vær 100% sikker på at det ikkje produserast giftige gasser av å kutte/gravere dette matrialet. Materialer i lista over Laserparameter er trygge. Dersom plast, og du ikke er 100% sikker på innholdet er det forbudt å kutte dette.Det kjem snart ei liste over ting som heilt sikkert er trygge og kva som er utrygge. Spør viss du er usikker. 
  7. Trykk inn nødstoppen. 
  8. Opne det gjennomsiktige topplokket til Bodor. 
  9. Legg materialet under laserhovudet, som oftast oppå dei svarte metallbjelkene. (bør dokumenterast her om når og korleis legge ting under bjelkene) Laserhobvudet skal skal vere 8mm over elementet som skal kuttast/graverast. Det fulgte 8mm høge plastbrikker med Bodor.
  10.  Hold laserhovudet fast, sånn at det ikkje faller av under neste steg. 
  11. Skru på ringen rundt laserhovudet for å løsne det. Pass på at du ikkje strammer det i staden for å skru laus, det er ikkje sjølvsagt kva veg ein skal skru. 
  12. Plasser den 8mm tynne plastbrikka mellom laserhovudet og materialet du skal gravere/kutte. 
  13. Senk laserhovudet til det hviler på plastbrikka og stram ringen du løsna tidlegare. 
  14. Rydd på plass den 8mm tynne plastbrikka. 
  15. Laseren starter i det grønne hjørnet i figuren på RDworks, og vil jobbe seg nedover til venstre mot deg.
  16. Sørg for at materialet du skal kutte utnytter dette for å ikkje sløse bort unødvendig materiale viss det skal kuttast, eller at graveringa treff der du vil gravere.
  17. Lukk det gjennomsiktige topplokket når materialet er optimalt plassert.
  18. Ta ut nødstoppen ved å skru på den. Det går nå ann å flytte laserhovudet ved å bruke pilknappane på Bodor.
  19.  Skru på vifta ved å trykke på vifteknappen som er på sida av/på-knappen. 
  20. I RDworks kan du nå trykke "Start" for å starte å printe.
  21. Ikkje forlat Bodor utan tilsyn under gravering/kutting.


Når du er ferdig, hugs å skru av Bodor, koble ut stikkontakten, skru av vannpumpa og lukk vinduet.

Dithering

Kun for gravering. Dette er at laserkutteren simulerer gråtoner ved å gravere inn prikker i forskjellig tykkelse i stedet for å gravere jevnt. For å bruke dette må en i RDworks trykke på bilete ein vil dithere, trykke på knappen i symbolmenyen som heitar "BMP", krysse av boksen som heitar "Dither",  dotte av rundingen som heitar "Net graphic, og sette ein frequency(dps/lines per inch). Erfaring av denne DPSen er lagt til i seksjon for laserparameter. For å få best mogleg resultat, er det ein god ide å auke kontrasten i bilete du skal Lasere, sånn at den lysaste delen er heilt kvit, mens den mørkaste er heilt svart. På denne måten vil det ikkje blir prikkar overalt, kun ved gråtonene.

Kjente problem

StatusProblemWork-aroundLøysing / foreslått løysing
LøystY-aksen blir ikkje kalibrert riktig. BODOR trur Y-aksen endar der laserhovudet er ved oppstart.Ikkje funne

Koble datamaskinen til BODOR. Start RDWorks og gå til fanen `User` på høgre side av skjermen. Scroll ned til `rotation` og sett `enable rotation = no`.

Work-aroundX-aksen blir ikkje kalibrert riktig. BODOR står og hakkar på høgresida ved kalibrering, fordi endestoppbrytaren ikkje fungerar.

Ved kalibrering, trykk nødstoppen før hovudet når høgresida.

Eventuellt, trykk på endestoppbrytaren manuellt med eit flatskrujern.

Erstatt endestoppbrytar.
  • No labels