Prosjektboksene er til bruk for alle medlemmer av Omega Verksted.
Ein skal ikkje ha eit prosjekt i prosjektboksene meir enn ein månad.Viss ein treng meir tid til eit prosjekt, kan det til dømes lagrast på følgande plassar: I eit av Sct. Omega Broderskaps skap1, skulesekken eller heime2. Nøkkelmedlemmer i Omega Verksted kan og som alternativ ha prosjekter i skuffen sin.
Når ein starter ein prosjektboks, skal ein ta teip3 på boksen, så skrive med tusj4 på (teipen):
- Fullt namn5
- Start dato → Sluttdato. PS Ha med årstal
- Forklaring på prosjekt
Brudd på desse punkta vil føre til mas, skuldfølelse og til syvende og sist destruksjon6 av prosjekt.
LF på boksregistrering:
- Ola Brunost Nordmann, +47 133 71 337
- 29. januar 2076 → 29. februar 2076
- Hoverboard
Fotnoter:
1: Desse skapa kan bestillast av medlemmer i Omega (Ikkje OV), på Omega sine nettsider: https://omega.ntnu.no/lockers.
2: https://google.com/maps/search/home
3: Rom: OV Seksjon: 6 Hylle: 7 Rad: 7 Kolonne: 0
4: Rom: OV Seksjon: 6 Hylle: 7 Rad: 1 Kolonne: 3
5: Evt namn nok til at Omega Verksted sine nøkkelmedlemmer veit kven du er og korleis ein får tak i deg.
6: Kastes mest sannsynleg i EL-avfall. Det vil forekomme advarsel både før og når dette skjer.